ViewsWatchersBrowse |
Tore Olsson Møll
d.Abt 1686 Geiranger, Møre og Romsdal, Norway
Family tree▼ (edit)
Facts and Events
Tore Olsson Møll nemnd 1666, 40 år gammal. [edit] SkifteDer er berre ein Tore Olson på Møll, og han hadde 7 kjente barn:
Kjelde: skiftet etter Peder Torson Tafjord 21. april 1728. Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24551/542/ I skiftet er dei alle rekna som brør og systrer. Altså ingen halvsysken. Dei må då ha hatt same mor. Hennar namn er ukjent, og ingenting tyder på at ho var dotter til Peder Åmundson. Tore Olson sin son Ingebrigt vart gift med Ragnhild Pedersdotter Møllsæter. Ho var sonedotter til Peder Åmundson Møll og ville soleis ha blitt syskenbarn med mannen Ingebrigt om ein skulle stolt på bygdeboka. I 1626 er der 2 brukarar på Møll, Peder Åmundson og Peder Pederson. Tore Olson tek over bruk 1 etter Peder Pederson, så det er meir sannsynleg at han var gift med ei dotter til sistnemnde. Peder Åmundson er på bruk 2 og vert etterfylgt av sonen Peder Pederson d.y. Ein annan son, Peder Pederson d.e., vert brukar på Møllsæter. [edit] Garden MøllMøll er ein gard i Geiranger. Den har vore odelsgard sidan først nemnd i 1603. Første kjende brukarar Serkved 1603 bnr 1 og Peder Pedersson 1607 bnr 2. Skrivemåtar Moll, Møell, Myll, Møll. [edit] Webdebatt, digitalarkivetTor Myklebust, Bergen, 9.4.2005 19:36 (9) "Ver merksam på at opplysningane ovanfor frå Familysearch baserer seg på bygdebøkene og kjem ikkje frå primærkjelder. Der finns ikkje kyrkjebøker for Norddal frå før 1736. Fødselsåra for mannfolka kjem frå oppgitt alder i 1666/1701-manntala og fødselsåra for kvinnene er reine konstruksjonar. Jens Tordson er 70 år i 1701-manntalet. Han er død i 1710 for då vart det halde skifte etter han. Han fekk fire kjende barn med Ingrid Torsdtr i tidsrommet 1700 til 1706. Dermed har bygdebokforfattaren sett 1699 som årstal for giftarmålet. Om Ingrid Torsdtr var fødd ca 1670 ville ho ha vore 36 år då ho fekk siste barnet. Det høyrest ikkje så urimeleg ut. Men ho kan godt ha vore nokre år eldre. Ingrid Torsdtr var frå Møll i Geiranger og yngste dotter til Tore Olson (40 år i 1666). I følge bygdeboka var Tore Olson 'truleg gift med dotter til Peder Åmundson Møll'. På Familysearch har dette blitt eit faktum, medan det i røynda er mest sannsynleg at han ikkje var det. Bygdeboka framstiller det som om Tore Olson kom til Møll og overtok bruk nr. 1 etter Peder Åmundson. Men Peder Åmundson sat på bruk nr. 2 og vart etterfulgt av sonen Peder Pederson d.y. På bruk nr. 1 sat ein annan Peder Pederson og det er meir sannsynleg at Tore vart gift med ei av hans døtre. Tore sin son Ingebrigt vart gift med Ragnhild Pedersdtr Møllseter. Ho var sonedotter til Peder Åmundson Møll og dermed ville Ingebrigt og Ragnhild ha vore søskenbarn om bygdeboka sin teori var rett." Tor Myklebust, Bergen, 11.4.2005 09:33 (16) "Ingrid er utegløymd i bygdeboka. Ho er nemnd i skifte i 1728 etter broren Peder Toreson Tafjord." |