Person:Ingrid Møll (1)

Watchers
m. Est 1699
  1. Eli Jensdotter TafjordEst 1700 - 1766
  2. Malene Jensdotter Tafjord1702 - 1776
  3. Gunhild Jensdotter TafjordEst 1704 -
  4. Tore Jensson TafjordEst 1705 - Abt 1773
m. Abt 1710
Facts and Events
Name Ingrid Møll
Gender Female
Birth? Bef 1679 Geiranger, Stranda, Møre og Romsdal, Norway
Marriage Est 1699 Norddal, Møre og Romsdal, Norwayto Jens Toresson Tynnøl
Marriage Abt 1710 Norddal, Møre og Romsdal, Norwayn/a Norddal, Møre og Romsdal Norway
to Peder Larsson Hatlestad
Death? Bef 1728 Norddal, Møre og Romsdal, Norway

Ingri Torsdatter nevnes som enke i skiftet etter Jens Tordsson Tafjord, 27. mai 1710 i Norddal (Dale).

Ho kom opprinneleg frå Møll i Geiranger.

Webdebatt, digitalarkivet

Tor Myklebust, Bergen, 9.4.2005 19:36 (9)

"Ver merksam på at opplysningane ovanfor frå Familysearch baserer seg på bygdebøkene og kjem ikkje frå primærkjelder. Der finns ikkje kyrkjebøker for Norddal frå før 1736. Fødselsåra for mannfolka kjem frå oppgitt alder i 1666/1701-manntala og fødselsåra for kvinnene er reine konstruksjonar. Jens Tordson er 70 år i 1701-manntalet. Han er død i 1710 for då vart det halde skifte etter han. Han fekk fire kjende barn med Ingrid Torsdtr i tidsrommet 1700 til 1706. Dermed har bygdebokforfattaren sett 1699 som årstal for giftarmålet. Om Ingrid Torsdtr var fødd ca 1670 ville ho ha vore 36 år då ho fekk siste barnet. Det høyrest ikkje så urimeleg ut. Men ho kan godt ha vore nokre år eldre.

Ingrid Torsdtr var frå Møll i Geiranger og yngste dotter til Tore Olson (40 år i 1666). I følge bygdeboka var Tore Olson 'truleg gift med dotter til Peder Åmundson Møll'. På Familysearch har dette blitt eit faktum, medan det i røynda er mest sannsynleg at han ikkje var det. Bygdeboka framstiller det som om Tore Olson kom til Møll og overtok bruk nr. 1 etter Peder Åmundson. Men Peder Åmundson sat på bruk nr. 2 og vart etterfulgt av sonen Peder Pederson d.y. På bruk nr. 1 sat ein annan Peder Pederson og det er meir sannsynleg at Tore vart gift med ei av hans døtre. Tore sin son Ingebrigt vart gift med Ragnhild Pedersdtr Møllseter. Ho var sonedotter til Peder Åmundson Møll og dermed ville Ingebrigt og Ragnhild ha vore søskenbarn om bygdeboka sin teori var rett."

Tor Myklebust, Bergen, 11.4.2005 09:33 (16)

"Ingrid er utegløymd i bygdeboka. Ho er nemnd i skifte i 1728 etter broren Peder Toreson Tafjord."

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=29356&sok=Stranda&nr=17&antinnlegg=22&startnr=&antall=&spraak=n#anker