Person:Syver Hørven (1)

Watchers
Browse
Syver Sylfestsson Hørven
b.Abt 1778
d.Abt 1835
    m. 31 Oct 1776
    1. Syver Sylfestsson HørvenAbt 1778 - Abt 1835
    2. Marit Sylfestdotter HørvenAbt 1782 - Abt 1866
    1. Sylfest Syverson HørvenAbt 1809 - Abt 1847
    2. Kari Syversdotter HørvenAbt 1811 - Abt 1875
    3. Ola Syversson HørvenAbt 1814 - Abt 1884
    4. Kari Syversdotter HørvenAbt 1816 - Abt 1822
    5. Goro Syversdotter Hørven, IAbt 1818 - Abt 1818
    6. Goro Syversdotter Hørven, II1819 -
    Facts and Events
    Name Syver Sylfestsson Hørven
    Gender Male
    Birth? Abt 1778
    Marriage to Anne Olsdotter Hjeltar
    Death? Abt 1835

    http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Syver_Sylfestsen_Hyrve :

    Syver Sylfestsen Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 1778 i Skjåk, død same stad i 1835), gardbrukar og haugianar. Han var blant dei fyrste og fremste blant Hauges vener i Skjåk, og vart straffeforfølgd for det. Han fekk etter kvart ein sterk posisjon i bygda. Også kona Anne var blant dei fremste haugianske pionerane i Skjåk. Etterkomarane til Syver og Anne, med sin haugianske ballast heimefrå, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langtutanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret. Mellom anna kan nemnast at dei var foreldra til Sylvester Sivertson og Ole Sivertsen Hyrve og besteforeldre til Ivar og Sigurd Blekastad.

    Syver Sylfestsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var Sylfest Syversen Hyrve (1753-1833) og Sofie Larsdotter Synstnes (1749-1834, frå Lom). Dei var gardbrukarar på Hyrve.

    Syver gifta seg den 28. mars 1805 med Anne Olsdotter frå Nedre Hjeltar i Skjåk. Dei to var brukarar på småbruket Øyberget, som dei kjøpte i 1806 frå morbroren til Syver, Ulrik Larsen frå Synstnes. Frå 1811 dreiv dei Hyrve. Øyberget stod i Syvers namn til det vart selt same året som Syver døydde.

    Anne og Syver fekk seks born (sjå artikkel om Anne).

    Syver Sylfestsen var tidleg blitt gripen av den haugianske vekkinga, kanskje i samband med at Hans Nielsen Hauge sjølv vitja Skjåk i 1803. Saman med to andre aktivistar vart han arrestert i 1805 og stilt for retten klaga for «Løsgengeri og svermerske Lærers Udbredelse efter Hans Nielsen Houges Maade i Forsamlinger blant Almuen her i Sognet», dvs. brot på Konventikkelplakaten av 13. januar 1741. Kvar av dei tre vart dømde til å bøte 20 riksdalar kvar og ilagde sakskostnader på 13 ¼ dalar på deling. Beløpet vart for Syvers vedkomande delvis tvangsinndrive ved utpanting på Hyrve. Da resten av det stadig veksande beløpet ikkje kom inn frivillig, fekk lensmannen ordre om å transportereSyver til straffarbeid på Kongsvinger festning. Da tok svogeren til Syver affære og gjorde opp for han. Det var halvbror til Anne og gardbrukar på Nedre Hjeltar. Annes familie var etter alt å dømme svært skeptiske til Syver og Annes religiøse aktivisme.

    Saman med ein annan leiande haugianar i bygda stod Syver i spissen for å få gjeninnført Guldbergs salmebok i staden for Evangelisk-christelige Psalmebog som den antihaugianske soknepresten Halvor Arntsen hadde fått innført i 1807.

    Syver Sylfestsen var varamann som valmann i amtet ved stortingsvala i 1829 og 1832.

    Det er også eit vitnemål om politisk interesse i familien at sonen Sylvester Sivertson nettopp på denne tida (i slutten av 1820-åra) arrangerte politiske møte heime på Hyrve.

    Kjelder og litteratur

    Hagen, Ole E.: Sylvester Sivertsson. Literærhistorisk Afhandling i Anledning af Reisningen af hans Minde-Bauta. Eau Claire, Wisconsin USA, 1909.

    Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3.

    Ole Sivertsens minnenedteikningar 1884. Handskrive manus. Ukjent om/kvar originalen finst, men det er bevart fleire avskrifter i privat eige. Kopi av to ulike avskrifter i bygdebokarkivet for Skjåk (Norddalsarkivet, avdeling Skjåk.)

    Ættebok for Skjåk, band I. Utg. av Skjåk Historielag 1946, fotografisk opptrykk 1982.

    Sjå òg "Kvelds-seto, gåmålt frå Skjåk " - artikkelen: "O. Sivertsens levnetsbeskrivelse m.m." - skrivi av sonen Ola Syverson Hørven - Skjåk Historielag 2007.