ViewsWatchersBrowse |
Kari Jakopsdotter Felodden, søre
b.13 Nov 1842 Nordberg, Skjåk, Oppland, Norway
Family tree▼ (edit)
m. Abt 1848
Facts and Events
Født/døpt nr. 27 [1] Kari var ikkje berre ei sers ettertrakta budeie, ho hadde musikalsk talent: "Det var nok fleire med gjevnad for felspel, og sume let i jentelag, men med mange gjekk det nok som med dotter hans Fel-Jakup: ”Ho Fel-Kari var eit spelmannsemne tå di store, men ho fekk ikkje lov te å røyve fela for far sine.” (s. 24 i[2] Frå Hans P. Hosars Bygdebok nr. 3 s. 190: "...Læraren i krinsen var i følgje Løkre om lag 60 år gammal og «streing pietist». Eldste vetljenta på Felodden, Kari, kom ein dag tilfeldig til Lykre der omgangsskulen heldt til akkurat da. Læraren kjende ikkje jenta, og spurde kvar ho var i frå. « 'E æ frå Feloydda, e!' svårå ho så fripos¬togt. 'Ja, så høyre du te skula mine; men e ha ailder sett de her,' » utbraut læraren da. Så hadde han jenta til å lesa i Nytestamentet for å høyre korleis det stod til med kunnskapen. Jentungen greidde ikkje berre å lesa greitt og klårt, men kunne også forklare godt kva ho hadde lese. «Men da vart skulmestarn så fortusta, at' n vart gånde berre og drive på golve eit langt bel,» avsluttar Løkre. Den strenge skulerneisteren som vart så fortusta, var John Pedersen Lindsheim, omgangsskulelærar i Nordberg i nesten eit halvt århundre, frå 1813 til 1860. Ivar Kleiven gjev han ikkje så god attest, og omtalar han som «trangsynt»og «einvis» og «med sers smaae kundskape»." |