ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ (edit)
Facts and Events
[edit] Åmdal gardTarald Åmdal og Bertha budde og dreiv ein mindre gard på Åmdal i Hægeland.[4] Garden låg heller avsides ca. 2-3 km. frå hovudvegen Kristiandsand mot Setesdalen. Ein gamal postveg mellom Kristiansand og Oslo gjekk forbi gardstunet. På garden dreiv dei med kyr, sauer og ein del hogst om vinteren.[4] Utmarka var relativt stor. I området var det også ein god del med elg og viltfugl. I heimen rådde kristen tru og oppseding[4]. Bertha og Tarald fekk etter kvart 10 born. 2 av desse døydde i ung alder, Ingrid (1/2 år) og Jon (7 år). Det var såleis 8 sysken som vaks opp på Åmdal. Med ein slik stor syskenflokk var det naturleg at det ikkje var plass til alle i heimen. Eldste sonen Nils tok over garden[4]. Olav reiste til Oslo for å få si lærarutdanning der[4]. Det seiest at han hadde smått om pengar - knapt nok til mat.[4] References
|