ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ (edit)
m. 1817
(edit)
m. Abt 1844
(edit)
m. 5 Jul 1860
Facts and Events
Sjur Hansen Vadheim. ARTIKKEL FRA NRK: Sjur Hansen Vadem - på folkemunne kalla «Sjur i Veim» - starta i 1854 landhandel i Vadheim, og bygde i 1857 dampskipskai for å ta imot Fylkesbaatene då dei starta rutene i 1858. Sjur i Veim vert ofte kalla grunnleggjaren av Vadheim, som frå starten av Fylkesbaat-drifta vart bygd opp til eitt av dei sentrale trafikk-knutepunkta i Sogn og Fjordane: Vadheim vart innfallsporten til den populære turistruta som gjekk med hesteskyss nordover til Førde, Jølster og Sandane. Sjur hadde gifta seg med gjestgjevardottera i Vadheim, og det var kring det gamle gjestgiveriat at han bygda verksemda si: I 1886 bygde Sjur i Veim stort hotell i tre etasjar og med 40 senger. Hotellet fekk namnet «Hansens Hotell». Ved sida av hotellet bygde Sjur ein av dei største butikkane i distriktet. Han hadde kundar frå heile Gaular og Viksdalen og langt innover Sognefjorden. Dessutan dreiv han fraktefart med to jakter som han mellom anna reiste til Bergen med for å selje landbruksvarer som han sjølv kjøpte frå bøndene. Svært rik mann Sjur Hansen vart ein svært rik mann, og åtte fleire gardar i Sunnfjord og Sogn. Ein av sønene til Sjur, Christian Hansen, dreiv ei tid handel på den gamle handelsstaden Værholmen ved Lavik (sjå Handelsstaden Værholmen) før han overtok landhandelen til faren i Vadheim. Etter Sjur Hansens død i 1898 dreiv Christian Hansen ei tid butikken, leigde deretter bort, og selde i 1909 til Nils Vattekar. Ein annan son, Georg, tok over dampskipsekspedisjonen. Dottera Hansine (Sina) overtok saman med ektemaken Andreas Eide frå Bergen hotellet og dreiv det til 1939, då deira son Trygve A. Eide og ekstemaken hans, Nelly f. Kjørlog frå Hafslo, overtok. Trygve A. Eide var elles kjend som ein habil kunstmålar. No hadde hotellet skifta namn til Vadheim Hotell. Det brann i 1961 og vart ikkje bygd opp att. http://www.nrk.no/sfj/leksikon/index.php/Sjur_i_Veim,_grunnleggjaren_av_Vadheim http://www.nrk.no/sfj/leksikon/index.php/Vadheim_vert_knutepunkt http://www.nrk.no/sfj/leksikon/index.php/Sjur_Hansen_Vadem Sjur skal ha vore gift med dotter av gjestgivaren på Vadheim, Kyrkjebø, Høyanger, han var enkemann ved ekteskap med Nilske. Nilske og Sjur blir gift i 5. juli 1860 i Gaular: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6844&idx_id=6844&uid=ny&idx_side=-331 Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111310585.jpg Ved folketellingen 1865 har Nilske og Sjur datteren Hansine, 3 år: |