Person:Ola Skjaak (5)

Watchers
Browse
Ola Rasmusson Skjaak
b.Abt 1744
d.Abt 1803
  1. Lars Rasmusson SkjaakAbt 1727 - Abt 1769
  2. Anne Rasmusdotter HageAbt 1732 -
  3. Kari Rasmusdotter Skjaak, IAbt 1734 -
  4. Kari Rasmusdotter Hagen (Skjaak), IIAbt 1737 - Abt 1809
  5. Ola Rasmusson Hagen, IAbt 1741 - Abt 1741
  6. Ola Rasmusson SkjaakAbt 1744 - Abt 1803
Facts and Events
Name Ola Rasmusson Skjaak
Alt Name Skjaak _____
Alt Name Skjåk-Ola _____
Gender Male
Birth? Abt 1744
Death? Abt 1803

[1]

http://nn.wikipedia.org/wiki/Skj%C3%A5k-Ola :

Ola Rasmussen Skjåk, eller «Skjåk-Ola» (1744–1803 i Skjåk) , son til Rasmus Larsen Skjåk og Sidsel Olsdatter Lund, var ein norsk treskjerar og skåpmakar.

Skjåk-Ola er skaparen av det klassiske stoveinteriøret i Nord-Gudbrandsdalen. Kjenneteiknet på arbeidet hans var ein livleg og rik akantusskurd med stor rikdom og fantasi. Han vert rekna for å vere den fremste eksponenten for blomstringa i bygdekunsten nord i Gudbrandsdalen i hundreåret frå 1750. Den tradisjonelle stoveinnreidinga i Nord-Gudbrandsdalen var bygd rundt framskåp, roskåp, blandstampbenk, handklekast, høgsetehylle, langhylle over klevadørene, glaspostar og listeverk, alt pynta med akantusrankar og høvla profilar.

Han var fødd på garden Nigard Skjåk like ved Skjåk kyrkje. Medan han var unge bestemte kyrkjesoknet at den gamle mellomalderkyrkja i Skjåk ikkje lenger var teneleg og at dei måtte ha ei ny kyrkje. Ein trur at det var frå å sjå Jakup Klukstad og Sylvfest Skrinde skjere altertavla og preikestolen i den nye Skjåk kyrkje at Skjåk-Ola fekk inspirasjonen og idéen til sjølv å verte treskjerar.

Då han var om lag 20 år gamal laga han stoveinteriøret på nabogarden Uppigard Skjåk. Stova står enno der med interiøret nokonlunde intakt.

Skjåk-Ola var yngstesonen, og ein trur at det var då foreldra døydde han flytta til Søre Teigom lenger nord i dalen, der fekk han seg eigen snikkarverkstad og han vart der i mange år. Der laga han framfor alt skåp, men også til dømes kyrkjesledar og ambarar. Av skåpa er det først og fremst dei staselege framskåpa som er kjende, men han laga også til dømes roskåp og hengeskåp.

Mange meiner at det aller finaste av framskåpa hans er det som no står på Kunstindustrimuseet i Oslo.

Skjåk-Ola var ugift og døydde barnlaus, men han etterlet seg eit arbeid som skapte ein tradisjon og ei lang rekkje etterkomarar i treskjering og møbelsnikkeri.

Kjelde [endre]

Skjåk-Ola 250 år, utgjeve av Skjåk Kommune 1995.