Person:Ola Bakke (1)

Watchers
Browse
Ola Eilivsson Bakke, I
b.Abt 1827
d.
  1. Per Eilivsson Bakke, IAbt 1822 - Abt 1884
  2. Erik Eilivsson BakkeAbt 1824 -
  3. Ola Eilivsson Bakke, IAbt 1827 -
  4. Ola Eilivsson Rudsar, IIAbt 1829 - Abt 1914
  5. Per Eilivsson Aurstad, IIAbt 1832 -
  6. Eiliv Eilivsson BakkeAbt 1845 - Abt 1869
  1. Hans Olsson Bakke (Ulen), IIAbt 1868 -
Facts and Events
Name Ola Eilivsson Bakke, I
Alt Name Bakke _____
Alt Name Bakke-Storen _____
Gender Male
Birth? Abt 1827
Marriage to Anne Olsdotter Bråtå, Ulen
Death? Y

[1]


T'jue born med fem kvinner (Kjelde: Hans P. Hosar ”Skjåk bygdebok” nr. 3)

Derimot vart ein annan ”rundbrennar” dømd for kvalifisert leiermål i det aktuelle tidsrommet, nemleg han som berre vart heitande Bakkestoren (fødd 1827). Han var fødd som tredjemann i ein gardbrukarfamilie i Reppen. Som vaksen var han i mange år lauskar og handelsmann, så slo han seg etter kvart til ro som husmann og møllar på ein plass under Kvålheim ved Aura. Han gifta seg med Tomine frå plassen Kåjet under Skjelkvåle i 1869. Med henne hadde han da allereie tre born. Da dei gifta seg, var han 42 år gammal, ho 26. Før han trefte Tomine, hadde Bakkestoren vunnest på å bli far til seks born med fire andre kvinner. I 1864 måtte han stå til rette for dette, og fekk ti dagar på vatn og brød for kvalifisert leiermål. Ved det høvet kom det mellomanna fram at han var utlagd som barnefar til ei jente frå Bjørnør i Fosen. Bakkestoren erkjente å ha treft jenta og hatt omgang med henne da han oppheldt seg nokre dagar i Trondheim i 1860, og han hadde sidan betalt barnebidrag. Men han var slett ikkje sikker på at han faktisk var faren, for han fekk det ikkje riktig til å stemme med tida. Men retten kunne leggje fram vitneprov om tidspunktet Bakkestoren hadde vore i byen frå ein kjøpmann som han i mange år hadde handla med, så han måtte berre godta det. I ekteskapet fekk Bakkestoren enda 11 ungar, slik at vi veit om i alt 20 born som han var far til. For å fø familien måtte møllaren skøyte på med fisking - truleg med sleo i Aura og garn på Aursjoen - og han står oppførd med yrkesnemninga ”Møller og Fisker” i folketeljinga 1875. Tomine var borte på bakst. Ho bala og sleit og ”gjorde det som stod te henna, og meire mæ slik som det ofte hende før i tidn”, fortel ein som hugsa dess e folka. Ho fall så å seiapå post: ”Ein dag ho Tomine båkå på Brandsar, døydde ho nedmed bakstfjøln.”. Den same personen som fortel dette, mintest frå gutedagane sine kor triveleg det var å ra koma inn i «Bakkestor-stugun når dei var på kverna. Der ”kjende ein onggut seg heime like så vel som ein skjeiggjemainn”. Orde henna Tomineligg vakne i minnede. – ”Du må komå deg innåt og verme deg, vart te ein varme som fylte huset.» Men det likaste minnet var når Bakkestoren spela fele, noko han hadde lært av sjølve meisteren, han Fel-Jakup. ”Så einkle og reine tone ha eg ailder hørt utu fele som ner Bakkestoren drog på ein. Eg skulde tå døm att millom aille eg ha hørt. Døm syng ti'meg enda - ein åm frå gåmålt sjå folkje mine.”

[FAMILIEFAREN Etter at han vart gift veit vi ikkje anna enn at Bakkestoren var ein god familiefar. Men med ein stor ungeflokk i ei lita stugu, kunne det bli strevsamt nok for møllaren og Tomine, kona hans. Det var inga sak, sa Bakkestoren, når ungane vart så store at dei nådde opp til brødet i bordskuffa, da klara dei seg sjølve.]