Person:Nils Haar Slyngstad (1)

Watchers
     
Nils Hanssen Haar Slyngstad
b.Bet 1550 and 1570
Facts and Events
Name Nils Hanssen Haar Slyngstad
Gender Male
Birth? Bet 1550 and 1570
Marriage to Hellene Didriksdatter Slyngstad
Death? Abt 1609 Vatne, Møre og Romsdal, NorwaySlyngstad
Burial? Abt 1609 Vatne, Møre og Romsdal, Norway

Nils Haar

Vatne bygdebok

Nils var futen si utsending og kom til Slyngstad ved å gifte seg med dottera på garden. Etter tradisjonen skal han ha vore adelsmann frå Jylland, men det ser ikkje ut til å stemme at han var av dansk ætt.

Han må ha kome til Slyngstad 1580 eller før, ettersom han hadde gifteferdige søner rundt 1600. På Slyngstad brukte han først heile garden, 10 mellag. Men etter at han hadde delt garden med sone, brukte han frå 1606 5.5 mellag. Av dei barna som er nemnde nedanfor, er det berre dei to første som sikkert er sønene hans, den tredje er usikker.

a) Hans. Namnet tyder på at han kan vere den eldste av sønene. Det var denne sonen som vart send til Bergen i kjøpmannslære, der han fekk borgarbrev i 1610. I 1613 finn vi han som borgar i Årsund i Samfjord. Årsund hadde før voreubebygt, men der var bra hamn, og Hans tok også fatt på å dyrke jorda. I skattelistene er han kalla husmann, og vart likna for 1 mellag i skyld. Men dyrkartrongen i slekta gjorde seg gjeldande, ogsnart var der ein gard som vart kalla Hansgard etter denne Hans. Han levde til han vart ein gammal mann, og skal også ha etterkommarar etter seg. Claus Christensen Havnsund, som gifte seg inn på bnr. 5 i Tenfjord, skal vere soneson hans. I 1661 er han eigar av 4mellag i Flem, det kan vere odel som er arva frå tenfjordfamilien (sjå nedanfor). Vi veit elles lite om handelsverksemda hans, men han dreiv truleg som kjøpmann i lang tid utover, og det budde stadig folk på Hansgård etter han.

b) Dirich (Didrik).( d ca 1657) Han må vere den nesteldste av sønene. Neste brukar. Han var gift med Ingeborg Størkersdtr. Tenfjord (d 1667). Ingeborg var dotter ti Størker Tenfjord, som var den rikaste mannen i Vatne sokn på dentid. og eigar av 50 mellag odelsjord.

c) Knut Nilsen, brukar i Tenfjord, skal etter tradisjonen vere son til Nils Haar.


Digitsalarkivet debatt

Se debatt på DA:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=57653&sok=Haar&nr=7&antinnlegg=10&startnr=&antall=&spraak=#anker

Bjørn Jonson Dale, Ponta Delgada, 18.3.2008 03:53 (8)

Eg forstår ikkje kva du vil med dette. Eg har jo allereie i fleire sammenhengar her på forumet vist at Nils Haar på Slyngstad sitt farsnamn var Hansson. Har du gløymt dette? Sjekka t.d ordskiftet om skrivarætta på Gjelsten (søkeord Gjelsten).

Det er heilt urimelig at denne karen skal ha vore dansk, for vi finn ingen danskar som lensmenn på Sunnmøre sist på 1500-tallet. Det som må ha vore eldstesonen hans, Hans Nilsson Haar, tok borgarskap i Bergen i 1610, og han kan då ha vore fødd i 1590, for i 1610 blei ein mann enno myndig som 20-åring.

Dette kan tilseie at Nils Hansson Haar var fødd kring 1560, kanskje jamvel så seint som 1565, og at far hans, Hans, kan ha vore fødd 1530-40. Denne kan så t.d ha vore son av ein Nils fødd 1510-20. Ein norsk Nils Haar (Nils Jonson) av dette ættleddet har funnest, og det er lov å lure på om denne adelsmannen kan ha vore farfar (evt morfar) til Nils Hansson Haar på Slyngstad, men det er i så fall likt til at faren eller mora til Nils Hansson var uektefødd.

Nils Hansson Haar hadde ellers eit nær unikt merke i seglet sitt. Dette skal eg prøve å legge inn her ved tid og høve.

Kona hans, Helene Didriksdatter, kan ellers godt ha vore datter av Trond Benkestokk sin fut på Sunnmøre i 1550-åra, Didrik Buckleff.

Trond Benkestokk var, som kjent, gift med Anne Jonsdatter Haar, søster til Nils Jonson. Dette kan gi eit vidare perspektiv.