ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ Facts and Events
Magdalene Kamp LINKS http://www.soga.no/bjodale/kronologien/hustmagd.htm http://www.pergjendem.com/?p=191 [edit] KORT OM HUSTRU MAGDALENA av Bjørn Jonson DaleMagdalena Tørrisdatter var fødd kring 1515, og var av lågadel både på fars- og morssida. Magdalena var først gift med Litle-Jon (Tomasson) fra Orknøyane (av ei ætt Randall), kjøpmann i Bergen og éin av byen sine to første borgarmeistrar. Då Litle-Jon døde dreiv Magdalena handelen vidare til 1568, då ho ekta sunnmørsfuten Hans Laurensson, som døde 1570. Magdalena heldt då fram som kjøpmann. Med Litle-Jon hadde Magdalena sønene Tomas og Carsten, som begge slo seg ned på Sunnmøre, Tomas i Spjelkavik og Carsten på Fyrde i Volda. Magdalena må også ha hatt ei datter som var gift med giskefuten Jens Nilsson, som endte sine dagar på Gjelstein i Romsdal. Carsten Jonson Randall til Fyrde har stor etterslekt, ja, så stor at ein kan seie at nær "halve Sunnmøre" ættar fra han og den lågadelige kona hans, Maren Jørgensdatter. Jens Nilsson ser også ut til å ha mykje etterslekt i Romsdal. Tomas Jonson til Spjelkavik hadde nok også kone og barn, men etterslekta er ikkje kjent; kanskje var han far til nordmørsfuten Jens Tomasson Kiempe? [edit] HALVT LILJE, HALVT ØRN...Hustru Magdalena - sunnmøringane si adelige stammor? Den norske adelen kom vekk på 1500-tallet, ja, døde ut, heiter det om denne høge standen som ikkje klarte å berge det norske sjølstendet fordi han var for veik - eller blei så veik fordi sjølstendet gikk tapt..? Såpass er visst: Enno sist på 1500-tallet sto adelen ved lag som stand i Norge, trass i at "sjølstendet" hadde vore ein nullitet eit par mannsaldrar og trulig lenger med. Adelen i Norge ved utgangen av mellomalderen - kring 1540 - var like "skandinavisk" som "norsk", som han hadde vore svært lenge, og heldt fram med å vere. For adel hadde vi, både sist på 1500-tallet og i 150-200 år utetter: Standen besto, sjøl om både standsnamn og standsnemningar etterkvart blei vekke. [edit] ADELENFor vel 400 år sidan blei samfunnet oppfatta som tredelt - i adel, borgar-/embetsstand og bønder. Tredelinga var langt fra så absolutt som ho kom til å bli; det var glidande overgangar både mellom stendene og mellom undergruppene. Systemet var korkje heilt hierarkisk eller diskriminerande. Giftarmål skjedde støtt over standsgrensene, og søner kunne både stige opp og ned i høve til faren sin stand. Adelen var også delt, i høgadel og lågadel - riddarar/herrar og væpnarar/sveinar - der høgadelen var liten, rik og oftast danskætta, lågadelen mykje større, fattigare og av norskare opphav. Fra 1582, med dei nye adelsprivilegia, blei standen slutta: Adelige kunne no bare gifte seg med adelige, ellers gikk adelskapet tapt. Dermed var det snart ute med lågadelen. Utan tilsig fra andre stender - særlig av borgarlig rikdom - var ikkje den mest norske delen av adelen lenger liv laga. Derimot var det duka for ein ny adel av gammal høgadel og nyrik kjøpeadel. [edit] ADELEN PÅ SUNNMØREVed arvehyllinga 1582 møtte bare éin adelsmann fra Sunnmøre: Tomas Jonson (Randall) til Spjelkavik. Sidan Tomas blei rekna som adelig då, kan vi rekne bror hans, Carsten Jonsen Randall til Fyrde, som adelig med; det gjorde i alle fall Carsten sjøl når han skreiv seg "til" Fyrde (i Austefjorden). Dessutan var Carsten adelig gift. Disse brørne var søner av Magdalena Tørrisdatter som bar den lågadelige konenemninga "hustru", som flytta fra Bergen til Sunnmøre 1568, og som enno levde 1592. Utanom hustru Magdalena budde kanskje eit par andre lågadelsdamer på Sunnmøre då, som kona til borgundpresten Oluf Nilsson Tibi, Gjertrud Anfinnsdatter Soop. Herøypresten Erik Knutson kan også ha vore av lågadel, i og med at døtrene hans kaltest "hustru" (Maren og Karen, begge gifte med borgundpresten Claus Corneliussen). [edit] INGEN HØGADELHøgadel hadde ikkje Sunnmøre hatt sidan giskeætta "flytta" kring 1500, men sjølsagt var Giskegodseigaren, fru Gyrvhild Fadersdatter ("frue" var den høgadelige konenemninga), høgadelig, ja, den mest fornemme adelskvinna i Skandinavia då. Men ho budde i Skåne og styrte det digre jordegodset sitt på Sunnmøre og ellers i Norge og på Shetland gjennom ombodsmannen sin på Giskegard - giskefuten. Giskefuten Jens Nilsson var kanskje adelig, for 1570 hadde han adelsmannen Finn Jonson Teiste "hos" seg, noke han neppe kunne utan sjøl å vere adelig. Finn Teiste døde om våren dette året etter eit fall då han var "i fiellen effter fuglereide". [edit] SYNNESÆTTAPå Sunnmøre fikk hustru Magdalena storgarden Søvik som bustad. Ektemannen, Hans Laurensson, var fut i lenet, og også sjøl av lågadel. På morssida var han av den adelige greina av Synnesætta. Heile Synnesætta var ikkje adelig, men Eiliv Bårdson på Synnes (kring 1530 erkebispen sin setesvein på Sunnmøre) kan reknast til lågadelen, og det samme gjeld utan tvil farbroren hans, Povel Jonson, som hadde tre døtre som bar hustrutittel. Povelsdøtrene Ingrid, Synneve og Marit kan alle ha levd på Magdalena si tid: hustru Synneve i Bergen, hustru Ingrid nok også der: hustru Marit veit vi ikkje meir om, så ho kan ha budd på Sunnmøre. (Sjå meir om disse folka i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 2000.) Utanom dette hadde Sunnmøre kring 1570 ein del rike bønder som kanskje var like fornemme som lågadelen; her kan nemnast etterslekta til Erik på Austnes i Haram - rikaste mannen på norskekysten 1520 - og Gulbrand Sjurson i Havåg (trulig fødd kring 1530), som var største bondegodseigaren på Sunnmøre 1603 (han eigde heile Eiksundbygda og meir til), som kan ha hatt ei lågadelig mor. [edit] SKJOLD OG HJELMFor 500 år sidan levde ein mann som heitte Amund Tørrisson; vi veit nesten ikkje anna om han enn namnet: ikkje kor han budde, ikkje kva han gjorde, ikkje kven han var gift med. Men etterslekta hans er godt kjent. Av kong Hans (regjeringstid 1483-1513) fikk Amund Tørrisson skjold og hjelm, dvs adelsfridom, "for sin manddoms skyld". Våpenskjoldet er kjent: Vertikaldelt, med ei halv lilje i eine feltet og ei halv ørn i det andre. Vi veit ikkje konkret kva som gjorde han fortent til adelskapet, men "manddom" tyder på at han hadde gjort ein innsats som krigar. [edit] ANDENESÆTTAVæpnaren Amund Tørrison hadde minst to søner, Peder Amundson på Andenes og Tørris Amundson, far til Magdalena. Til no har ein ikkje visst kor Tørris budde eller kva han gjorde, men eg trur eg har klart å plassere han (sjå nedafor). Adelsmannen Peder Amundson på Andenes er velkjent. Han var ellers far til Elsebe Nonne - siste nonna i Bergen - og til dei velbyrdige brørne Jens Pederson til Tjøtta og Hans Pederson, likeeins til Tjøtta. [edit] SPJELKAVIKÆTTA?Etter ei tids arbeid med ætta kom eg til at Tørris Amundson eller kona må ha hatt odel til storgarden Spjelkavik i Borgund, sidan dette var dattersonen Tomas Jonson sin setegard (som han skreiv seg "til") og sidan faren til Tomas - borgarmeister Jon Tommasson i Bergen - var orknøyværing og neppe hadde odelsgods på Sunnmøre. Standpunktet er rett nok, men Tørris Amundson hadde neppe Spjelkavik som setegard, for no veit vi kor han budde og kven han var gift med: [edit] ERKEBISPELIG OG ADELIG ÆTTETAVLEEi nær eineståande ættetavle fra reformasjonstida reknar opp etterkommarane til ein Aslak Jonson som levde midt på 1400-tallet: erkebispar og lagmenn, prestar, setesveinar og adelsmenn av høgare og lågare adel - med namn som Teiste, Solle og Kuse - alle med tilknytting til Nordmøre, Trøndelag og Nord Norge. M.a er Aspeætta på Nordmøre etterkommarar av Aslak. Aslak hadde m.a datra Jorunn som var gift med Trond Toraldeson, foreldre til Arne på Husby - bror til Ivar Trondson på Aspa og erkebispen Olaf Trondson - far til Angerd Arnesdatter som var gift med adelsmannen Torstein Kuse (namnet skjemte ingen) på storgarden Torge på Helgeland. Angerd og Torstein hadde sønene Arne Kuse og Lauritz Kuse og tre døtre, m.a Angerd Torsteinsdatter som var gift med "Torgis Amundson" på Igerøya ved Brønnøysund. [edit] TØRRIS AMUNDSON PÅ IGERØYA"Torgils Amvndsen" svarte 1521 68.5 lodd sølv i tiandpengeskatt (medrekna barnepengar), og var då ein av dei rikaste på heile norskekysten (Erik på Austnes i Haram var rikare: han svarte 76 lodd sølv samt 30 lodd for jordegods og 36 lodd for barnepengar, i alt 142 lodd). Samme året leverte "Tørils Amvntsen" av Brønnøy sokn 17.5 våger fisk på Bergenhus - trulig tiende av soknet - og dette tyder på at han var "skipper" (jekteeigar). I tavla er Tørris og Angerd oppførte med 1 barn, Elisabet, gift med Trond Ivarson. Dette tyder eg slik at bare Elisabet av barna var gift då tavla blei sett opp. Elisabetnamnet var ikkje fra morsætta, men kan ha vore namnet på mor til Tørris Amundson; dette høver godt med at broren Peder på Andenes, også hadde ei datter Elisabet (Elsebe Nonne). Tørris og Angerd hadde to barn til: Magdalena Tørrisdatter og hustru Anne Tørrisdatter som 1597 var "ved" 90 år gammal. Anne var nok eldst av dei tre søstrene, Magdalena trulig yngst. Anne var fødd seinast 1510, Magdalena kanskje 1515. Magdalena sine ungdomsår fall dermed sammen med den borgarkrigsliknande tida før reformasjonen blei innført 1537. [edit] LITLE-JON TOMASSONFørstemannen til Magdalena var Jon Tomasson, ein kjøpmann i Bergen, som blei kalt Litle-Jon fordi byen hadde ein eldre Jon Tomasson (Klerk). Då borgarmeisterembetet blei innført i Nordens største by, var Litle-Jon sjølskreven i stillinga (Bergen hadde alltid to borgarmeistrar). Som borgarmeister hadde nok Lite-Jon rang på linje minst med lågadelen, men trulig var han også fødd lågadelig, rett nok på Orknøyane, men like norsk då som andre nordmenn. Litle-Jon må ha vore ein velstandsmann, men døde trulig då barna var unge. [edit] KJØPMANN MAGDALENAHustru Magdalena dreiv handelen vidare på eiga hand nokre år før ho gikk fra enke- til ektestand igjen. 1565 kjøpte ho t.d ein diger kjøpmannsgard i Bergen - med 7.5 "hus" (store rom) og 2 klever - for 500 daler. 1568 ekta ho så sunnmørsdfuten og "flytta" då hit, sjøl om ho store delar av året budde i Bergen og pleide omgang med den bergenske sosieteten av storkjøpmenn, embetsmenn og, ikkje minst, byen sin høg- og lågadel. Hustru Magdalena hadde også interesser på Sunnmøre før ho ekta sunnmørsfuten. M.a må ho hatt odel eller eigedom i Fyrde og Spjelkavik, og ho dreiv også eit borgarsete her ein stad: 1567 heldt ho ein "dreng" (kjøpsvein) på Sunnmøre, som måtte bøte 4 daler for å ha stukke stallbror (arbeidsfellen) sin i ryggen med ein daggert. Vi veit ikkje kor dette borgarsetet hennar låg, men i fall kjøpsveinane hennar dreiv trelasthandel, kan det ha vore på Fyrde eller i Spjelkavik; om dei først og fremst dreiv fiskehandel, er det meir rimelig å gjette på Herøy - eller Borgund, kanskje i Ålesund... [edit] HANS LAURENSSONHustru Magdalena var i 50-års alderen då ho gifta seg på ny, med ein mann som helst var på hennar alder, men som neppe hadde barn fra før, og heller ikkje fikk noken med Magdalena. Bryllupet sto i Bergen. Ektemannen Hans Laurensson var, etter alt å dømme, son av erkebispen sin setesvein, skipperen Laurens Benktson - ein sunnmøring som handla i fiskeværet Tunes i Finnmark, men eigde hus i Bergen - og hustru Ingrid Povelsdatter av Synnesætta. (Ei søster av Hans kan ha vore den Karine som var mor til hustru Lisbet Rasmusdatter, førstekona til bergenslagmannen Povel Helgeson, som fra 1604 budde på Brandal.) Hans Laurensson var fut på Sunnmøre seinast 1565 og til han døde 1570. Han budde i Søvik - kanskje gammalt synnesgods - og dreiv og kjøpte gardar av synnesgodset. Då Hans døde tok Jens (Nilsson) Jyde over som fut på Sunnmøre, 1571 var han "konstituert", 1574-78 virkelig fut. Denne mannen er identisk med den førre giskefuten Jens Nilsson (Jyde), ein "svoger" til brørne Tomas og Carsten. Hustru Magdalena hadde enno mange jern i ilden. 1571 var ho ein av dei største skipsreiarane i Bergen, som eigar av eitt nordfarskip og ei jekt; nordfarskipet gikk helst på Finnmarka, jekta kanskje på Sunnmøre. [edit] ENKEHUSTRU PÅ SKEIDEMagdalena levde enno 1597. Då budde ho på Skeide i Ulstein, og vi kan trygt rekne med at ho hadde overlatt både jordeigar- og handelsinteressene sine til sønene; Tomas Jonson var ellers blitt avretta ikkje så lenge før, på grunn av dei store og grove brotsverka han hadde gjort seg skuldig i (meir om Tomas i stykket "Ein adelsmann utan ære, ein kjøpmann utan hell" i verket "I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie"). Den gamle mor hans ser ut til å ha vore lykkelig uvitande om dette... Dermed fer hustru Magdalena ut av soga - ho må ha dødd før 1603 (då ho kunne ha vore nær 90 år gammal) - men soga sluttar ikkje der... [edit] MAGDALENABARNATomas Jonson til Spjelkavik (sjå seglmerket hans her), Carsten Jonson Randall til Fyrde og Magdalena si datter som var gift med giskefuten Jens Nilsson, utgjorde ein sentral del i den sunnmørske overklassen i den turbulente tida sist på 1500-tallet, då Sunnmøre opplevde ein økonomisk og demografisk vekst som er heilt utan like i soga vår. [edit] SPJELKAVIKADELENFør 1495 var heile storgarden Spjelkavik (med Neset, Gjerdet og Remvika) reint ættegods, men dette året selte ei Ingrid Ketilsdatter til giskeherren Alv Knutson så mykje ho åtte i "Spelingevik". Kring 1600 utgjorde dette 4 pund fisk (1 våg 1 pund). 1503 ga så ein ukjent fra seg 2 mællag i "Spielkandewiik" til erkebispen mot erkestolen si oste- og korntiende av Borgund 1504 og 1505. Dette utgjorde 2.5 pund fisk kring 1600. Resten, 13.5 pund (4.5 våger fisk), var midt på 1500-tallet i eiga til adelige: 3 våger fisk i Bjelkeætta på Austråt og 1.5 våger i Magdalenaætta. Kring 1400 kan éin mann ha eigde Spjelkavik aleine - ein adelsmann. Mykje tyder på at han var av den kjente Kane-ætta, som på mannssida døde ut med riddaren Arald Kane - lensherre på Sunnmøre - som bøndene slo i hel 1496/-97. Bjelkeadelen på Austråt var Kaneætlingar, noke Tørrisætta også kan ha vore. I alle fall: Tomas Jonson kunne ikkje bruke Spjelkavik som setegard utan å ha odel i garden. Dødsdommen over han innebar at eiga hans i garden (Gjerdet og Neset) blei lagt under krona som bot. Men ætta kunne enno ha rettar - t.d førsterett til å bygsle ein slik "tapt" gard. Seinast 1592 var Peder Hansson fut på Sunnmøre (til 1597), og kanskje frå den tid brukte han heile Spjelkavik, som han gjorde til 1608/-09. Peder var også ein slags adelsmann, men borgar av Bergen med. For han var, svært trulig, frilleson av den velbyrdige Hans Pederson til Tjøtta, hustru Magdalena sitt søskenbarn på farssida, og Tomas Jonson sin tremenning. Då Peder Hansson døde tok den uadelige sunnmørsfuten, jyden Hans Simonsen, over bruken av Spjelkavik (og kanskje Peder si enke), og dermed var adelssoga om Spjelkavik ute. Men i nær 300 år utetter var Spjelkavik som ein herregard å rekne; dei siste "herrane" som rådde der var prokurator Andreas Mathias Sanne (1809-92) på Øvregarden (Liljedahlgarden) og landmålaren Henrik Wind Daae (1831-1902) på Nedregarden (Langelandgarden). Spjelkavik er ikkje mykje herskapelig i dag; snautt skapelig - og minnet om fortida er like mykje øydelagt som landskapet. |