ViewsWatchersBrowse |
Lars Paulsson Lille Engeset
Family tree▼ (edit)
Facts and Events
{geni:occupation} {geni:about_me} Lars var ein særmerkt mann, som forstod meir enn akkurat å brødfø seg. Alt i oppveksten skilde han seg ut frå sine jamnaldrande både i styrke og vokster. 18 år gammal kom han i teneste på Brunholmen i Ålesund. P. Fylling fortel slik om då kong Kristian 6. vitja byen i 1733 og skulle fare vidare og ottast for korleis han skulle bere seg åt med å få dronninga ombord: " ... det var Lars som udførte det Karlsstykke at bære dronningen i Båden, og han omtalte alltid denne sin Idræt med en viss stolthed." Ei haustnatt som han gjekk på friarføter til Fylling, fann han ein sølvskatt, blir det fortalt, ei bøtte full av sølvpengar. Dette heldt han for seg sjølv. Med denne skatten overtydde han svigerfaren, skulle bli, om sin velstand.I alle høve hadde han pengar ein eller annan stad frå, og han forsto å bruke dei rett. Åringane var dårlege på den tid her ikring, særleg 1741 då kornet ikkje kunne haustast før i januar 1742. Fiskeria slo heller ikkje til, og folk vart sitande i stor gjeld. Lars møtte då fram til tinget på Gamlem kvart år. Der gjorde han avtalar med folk om å betale gjelda deira, mot å få fiskevarer i staden. Fisken reiste han til Bergen med og selde. Sunnmøringane skulda pengar til Bergenskjøpmennene, som undra seg over at det gjekk år etter år utan at dei kom sørover med fisk og betalte ned på gjelda si. Til slutt fekk bergensarane lag på kva Lars dreiv med, og stemde han for retten. Men han var veltalande og let seg ikkjestogge av byfogden, handelen fekk han halde fram med. På reisene sine til Gamlem hadde han sjølsagt mykje pengar med, dei hang i ein sekk på salknappen framfor han. Eit par gonger kom han ut for røvarar i den då så øydslege Grytalia, men heller ikkje ransmennene fekk has på han, medkløkt og djervskap kom han seg unna dei. Skiftet etter kona hans i 1789 viser ei formue på 108 rdl, 2 ort 10 sk, gjeld 23 rdl 4 ort 12 sk. frå Bygdebok for Skodje, Louis Giske 1986. |