Person:Knut Ås (1)

Watchers
Browse
m.
  1. Guttorm Nilsson Aas1644 -
  2. Knut Nilsson ÅsEst 1656 - 1727
m. Est 1713
  1. Nils Knutsson Ås1714 - 1771
Facts and Events
Name Knut Nilsson Ås
Gender Male
Birth? Est 1656 Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
Marriage Est 1713 Vestnes, Møre og Romsdal, Norwayto Agnetta Nilsdotter Sørås
Death? 1727 Vestnes, Møre og Romsdal, Norway

Knut Nilsson Ås. Brukar på Oppigarden, Ås frå 1687

Notatar

Brukar 1687-1727: Knut Nilson Ås (1656-1727)

  • 1687 g.m. ek. Beret Haldad. Ås (c.1620-1710)
  • 1711 g.m. Agnetta Nilsd. Sørås (c.1676-1767)
  • Barn: Nils 1712- , Siri c.14- , Brit 19- .

Denne Knut Nilson er sikkert son til Nils Rasmuson Norigaren - ved Ft. 1664 har Nils R. Ås ein son Knut med oppgitt alder 8 år (f. 1656), og denne vår Knut Nilson - som i motsetning til den nokre år eldre gl. Knut Nilson Der Oppevanleg er skriven u. Knut N. Og u. Knuts alder ved Ft. 1701 er 45 år (f. 1656). Unge Knut N. skulle soleis vere 31 år då han ekta den 67 år gl. enka Beret, som lever til 1710. Og Knut må ha gifta seg opp att straks, for ved Skosk.(?) 1711 er han skriven sor hustru - og 1 tjpg. Og det er all hjelpa, over 12 år, som han då har på garden.

Skiftet etter Knut N. 5-3-1728 fortel at hans enke er Agnetta Nilsd. og hans barn: Nils K., Siri K. og Berit K, Formyndarar er Peder Sørås og Hanibal E1lingseter. Brutto formue 50 rd1, - Begge formyndarane er brørne til enka Agnetta, som vi dermed veit er frå Sørås. At her ingen formyndarar er på farssida viser ogso mot at unge Knut er innkomen utanbygds frå.

Av dei 3 barna til Agnetta og Knut er:

  • l. Nils 1740 g.m. Mali Olsd. og kjem på Kloppa (Lnr. 131, Brnr.4) Ås. Han er i KB oppgitt å vere 57 år ved sin død i 1771. Etter Regimentsrullen 1743, 46 og 51 er Nils fødd 1711 ell. 12. I Rulle 1746 er han då 35 år, gift, 3 barn, har hatt gård i 10 år og tent i Regimentet i 10 år.
  • 2. Siri, 1745 g.m. Hans Sørens. Stenødegård til Steinaøygaren.
  • 3. Brit får garden. Ho er 30 år ved sin død i 1750.

Det er altso enka og dei 2 dottermennene til Knut Nilson som her sel sine arveluter i garden til Knut og Agnettas son Nils, som sit med Åsgarden "på Kloppen". Og so skøyter Nils Oppigaren 1 vog i Ås over på sin eldste son Hans - han som hadde odelsretten - ved tgl. skøyte dat. 22-6-63.

Alt ved Ekstraskatten 1762 er på denne Åsgarden reg: "Hans Nielsen og Anne Knudsd. eier selv - Værmoder Agnette Nilsd". Meir folkehjelp, over 12 års alder, har dei altso ikkje no på denne bra store garden.