ViewsWatchersBrowse |
Jon (Johannes) Nilsson Stadheim
b.Abt 1676 Sunnylven, Møre og Romsdal, Norway
d.Abt 1727 Sunnylven, Møre og Romsdal, Norway
Family tree▼ (edit)
(edit)
Facts and Events
{geni:occupation} Brukar på Jobruket, Stadheim {geni:about_me} Jon eller Johannes på Stadheim. Han er i 1701 nemnd å vere "ugift 25 aar g, bruker sit eget odell". Ei segn fortel at Jon vart utatt-tretta frå garden, kom på vidvank, var ei tid på Røros koparverk, hadde så ein gard i Lom, og sat sidan som bygselmann på Fjørstad. Dette er kan hende noko i, men kan berre ha vore ei kort tid. I 1732 heiter det at bruket hans er bortleige til Jon Tormodsson, men da var Johannes avliden. Det er rett at Ole Knudsson Berge gift med Karen Sakariasdotter fekk dom på å eige og "tiltræde" 1/2 vågs fiskeleige i dette bruket 1699, men i 1701 er Ole ikkje brukar her. I 1711 er bruket delt slik at Nils og Jon sit her på ein halvpart, og Ole Knutsson på hin. I 1721 får Jon skøyte på 2 pd 6 mrk. Han er før gift med Sigtrud L. Hellebostad. At han har vore på vidvanke er såleis lite truleg. Han døyr endåtil på Stadheim, der det 14. juni 1727 er halde skifte etter han, og det syner seg at han har vore ein velståande mann.Buet er verdsett 117 - 15 dl. I buet var mellom anna "1 belte sølvvegt 44 1/2 lod a 3 ort, 22 dl 1 ort 8 skilling. 2 sølv skeder vægt 5 1/2 lod a 3 ort, 2 dl 4 ort 8 skill. Jordegods 2 pd 6 mrk efter skj 1721, 21 dl. 1 smiested, 1 hest, 5 kyr a 3 dl, 1 kvige, 1 fjordkalv, 6 geiter, 4 sauer, 1 tønde bygg og 1 tønde havre. (fra Sunnylvsboka) |