ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ (edit)
m. Abt 1792
(edit)
(edit)
(edit)
Facts and Events
Dette er den navngjetne Hingars-Jo - Han som skulle "trette seg frå gara" om Jo-slætte eller Tors-slætte frampå fjellå. - Og han som var slik ein ordgytar at han ikkje lenge etter sin død var komen so på folketunga at han fekk god plass i Brovolds "Småfortellingar og Sagn". Han som såg so godt på sine gamle dagar at han såg smekkå jeispa oppi kjerketårne. Først fekk Jo sonen Hans med Anne Haldosdatter Fiksdal. Hans var plassmann på Liabø innpå stranda. So får Hans i 1821 skøyte på garden, frå faren, for 144 Spd. Kort tid etter gifta Jo seg, med ei frå Kroksetra. Dei var ikkje vigde i Vestnes. Ho og barna døyr på første barnseng, tvillingfødsel. Merkeleg nok er ikkje denne kona ført død i kirkebøkene i Vestnes, men ho må vera flytta til i Fiksdal, sidan Jo, ifølge Brovold, kunne fortelje tå at han hadde kjøyrt "tre levande lik gjenå Nakkendalen". I 1821 er tinglyst Byttebrev mellom eierne av Nakken, Ellingseter og Fixdal. Dette er først ei avskrift av det gamle "Byttebrev af 1649", og under dette kjem: "Vi underskrevne eiere af gårdene Fixdal, Nakken og Ellingseter vedtage hermed inhodde af dette byttebrev som gjeldende i alle dets punkter." John Olsen skrev under som den eine av Fiksdalsmennene. Men Marken var ikkje med på dette, og so vart det trette (krangel) om fjellsletta og utmarka på Mellisida av Nakkedalselva. Jo vann saa for Underretten i 1835, men må ha tapt for Overretten, og tydligvis slik at han måtte bere "saksomkostningene". Det er nok satt hardt på spissen når det heiter at Jo "gjekk frå gara" på denne utmarksaka. Men sikkert er det at han i 1841 sel halve Hingaren frå seg og sine, for 160 Spd., til Lars Johansen Fiksdal. Men Jo er ikkje i verre beit enn at han ved dette salget tar unda kår til seg og kona. I 1841 er halde "Deling og Skyldsetningforretning mellom John Olsen og Lars Johansen", der gard og skyld vert delt i to like deler, med grensebeskrivning. Jo beheldt tydelegvis gamlebolet med våningshus og heim, og får Lnr. 173 a, medan det fråskylddelte brukar ver Lnr. 173b. Med ved utskiftinga 1878 er det Jo sin heim som vert utflytta, inn i Gjeilin, for dermed å tape Hingars-namnet - som vert hengande ved den fråskylddelte Hingar-halvparten, der husa ikjkje vert utflytta. |