ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ (edit)
(edit)
Facts and Events
Historia om �Tfela�T BORNA PÅ LEGD Forfattaren Oddgeir Bruaset fortel i boka si om borna på Skaggeflå , som måtte på legd , ein etter ein etter at faren deira døydde mora ikkje lenger klarde å brødfø familien på Skageflå.. Truleg var denne faren Knut Skageflå som budde i Geiranger rundt 1720 -. Eit av borna heitte Johannes Knutsen (Skageflå) Bratthaug og kom til fosterforeldre på Sula nær Ålesund. Saman med kona Stina Toresdatter Oplenskedal fekk Jonannes fleire born. Ein av desse var �Tfelemakaren�T Johannes Johannesen ( Skageflå) Bratthaug. �TFELEMAKAREN�T Johannes Bratthaug var, (etter lokalhistorikar Magne Godøy sine granskingar) sjømann. Under Napoleonskrigen vart skipet hans kapra og han hamna �Ti prisonen�T i England. ( på same måte som Terje Vigen. Kanskje sat dei i lag ?). �TI PRISONEN�T Det går forskjellege historier om kva som skjedde �Ti prisonen�T, men truleg er dette den mest truverdige versjonen: Fangane vart internert i leirar, men fekk høve til å gå inn til byane. Enkelte av dei kom til og med i handverkarlære. Det gjorde truleg Johannes, og då krigen endeleg var slutt og kan kunne reise heim, hadde han med seg ein del gjenstandar som han hadde laga sjølv:�T to feler, og tre klokker (med tannhjul av tre, dei hadde ikkje råd til metall)���T, vert det fortalt. �TFELA�T Kvar det vart av alle gjenstandane han skal ha hatt med seg frå England, veit ein ikkje. Berre ei av felene er i dag knytt til personen og historia rundt �Tfelemakaren�T. Men gjenstandane kan sjølvsagt enno eksistere, sjølv om dei ikkje er knytt til historia om �Tfelemakaren�T. For dei som kjenner historia, er det nok å nemne �Tfela�T så veit alle kva gjenstand det er snakk om. Ein veit eigentlig ikkje så mykje om denne fela heller, men av skrift i botnen av fela, kan ein lese at ho vart reparert i 1928. Elles kjenner ein dei siste familiane ho �Tvandra�T i. FELA SI �TVANDRING�T Johannes gav ei av felene til bror sin, Bern Johannesen Skageflå. (Fekk Danebrogmedalje for si deltaking i slaget på Jyllan red) Han vart seinare gift med odelsdotra på Gjuv på Godøya ( Bern-garden). �TJussgarden�T var den tida ein pittoresk fiskarlandsby som kunstmalaren Strømme oppsøkte for å male. Då vart han truleg kjend med den fasinerande historia til fela og han bytte seinare fela til seg mot eit maleri han sjølv hadde laga av Bern-garden på Gjuv. Seinare fortel truverdige kjelde at fela har vore innom Hamnevik- famlien i Ålesund, før Lauritz R. Godø kjøpte fela tilbake til familien.
LAURITZ RASMUSSEN GODØ Lauritz R. Godø var gift med ein av etterkomarane ( oldebarn) til Johannes felemakar, Helene Roaldsand . Lauritz var, etter tilhøva ganske rik den tida. Han dreiv skyssbåt, landhandel, trandamperi og tønnefabrikk. Helene snakka mykje om fela, og ein dag reiste Lauritz til Ålesund og fekk kjøpe fela til si kjære Helene. Ho viste ingenting om kjøpet før ho fekk fela som kjærleiksgåve. Og Helene var svært stolt av gåva. Ho fortalde ofte barn og barnebarn om då Lauritz overraska henne. Ho avslutta alltid med den litt triumferande setninga: �T Han Lauritz fortalde aldri kva han måtte gi for fela, men DET VAR IKKJE REINT LITE !�T KOMEN �THEIM�T Når fela vert plassert på Norsk Fjordsenter i Geiranger, føler eigar at ho er �Tkomen heim�T! Den har �Tvandra�T frå England og over store deler av Sunnmøre i desse hundreåra. I mange heimar og i mange hender�� Nokre få mil frå Norsk Fjordsenter i Geiranger ligg Skageflå, der forfedrane til felemakaren sleit seg ut. Sjølv om�Tmormor�T Helene Godø insisterte på at fela �Tikkje sku ta garda�T ( Myra på Godøy), er eg sikker på at ho ville ha sagt ja til ei slik flott plassering som Norsk Fjordsenter no tilbyr fela. I respekt for han som laga fela, Johannes Roaldsand, og �TMormor�T Helene Godø, ønskjer eg som eigar av fela at ho skal fortelje nye slekter si historie i von om at vi alle kan ta lærdom av Historia.
http://www.fjordsenter.info/norsk%20versjon/fjordsenter/fjordsenter_fela.html http://www.fjordsenter.info/engelsk%20versjon/eng_fjordsenter/eng_fjordsenter_%20hist2.html http://www.fjordsenter.info/tysk%20versjon/tysk_fjordsenter/tysk_fjordsenter_fela.html http://www.taringa.net/posts/info/2632610/La-historia-del-Violin.html |