ViewsWatchersBrowse |
Jakob Gundersson Muldal
b.Abt 1727 Norddal, Møre og Romsdal, Norway
d.Abt 1803 Norddal, Møre og Romsdal, Norway
Family tree▼ (edit)
m. 1760
Facts and Events
Odelsbonde og Brukar på Skrenakk, gnr 76. Jakob frå Muldal og Else frå Øvre Rødal tar over Skrenakken som har ligge øyde ei tid.
[edit] FT1801Amt Prestegjeld Sokn Gard/hus
Nytt hushald Førenamn Etternamn Hushaldstill. Alder Sivilstand Yrke Kjønn
[edit] Om Skrenakken"Utanfor garden stikk det fram ein høg og særs bratt fjellpynt (nakki), som skil Norddalsfjorden og Sunnylvsfjorden. Her kan det stundom gå store steinras rett ned i fjorden. Sjølve garden ligg på ei stor flå eller hylle 420 m. over havet. Der er det fint og flatt med skog i bakgrunnen, og fjell som reiser seg høgt til vers. Utsynet herifrå er noko av det fagraste du kan sjå. Men oppgangen frå stranda er berre som ei rås, sving i sving, lang og tungvinn." (Norddal bygdebok II, Leonhard Tafjord.) [edit] Storfjordens VennerSkrenakken ligg på ei stor flate 420 meter over havet, men med flog og stup ned i fjorden. Garden ligg i Norddal kommune, på sørsida og ved innløpet av Norddalsfjorden. Få gardar har finare og friare utsyn utover Storfjorden. Garden har vore i drift sidan 1600-talet, men har i periodar vore øydegard. På 1800-talet skifte garden eigar mange gongar. I førstninga av 1900-talet budde det heile tre huslydar i det gamle stovehuset på garden, men også desse eigarane ga opp, og garden hadde lege ubrukt i 14 år, då Eugen Vågsæter kjøpte garden i 1934. Han hadde fått kommunegaranti for kjøpesummen, og i tillegg til lån så skreiv han til kong Haakon og spurte om han kunne hjelpe han med pengar til å kjøpe garden. Vågsæter fekk hjelp av kong Haakon, og han tok over Skrenakken og flytta dit med huslyden sin. Ein del år seinare ville Vågsæter betale tilbake dei 500 kronene han hadde fått låne med kongen, men kong Haakon skreiv tilbake og sa at han ville ikkje ha pengane. Dei kunne eige garden i lag. Då kongen reiste med båt frå Geiranger til Valldal for å opne Trollstigvegen i 1936 vart han fortalt kvar Skrenakken låg, og då kunne han svare at den garden visste han vel om. Eugen Vågsæter dreiv opp denne garden til ein velstandsgard, men kommunikasjonen med omverda vart for tungvint, og i 1954 flytte dei til Stranda. Vegen frå sjøen og opp til Skrenakken går bratt oppover i 84 svingar langs eit gjøl. Vinterstid kan vegen vere farleg å gå. I nyare tid vart det bygd løypestreng frå sjøen og opp, og det letta tilgangen til garden mykje. I dag er garden brukt som feriebustad, og Emma og Harald Vågsæter som i dag eig garden, har også hatt dronning Sonja på besøk. Ho skriv om besøket i boka si ”Klangbunn”. [edit] Slektsskap og etterslektJakobs datter Marte er Ole Elias' oldemor. Jakobs sønn Halvor er oldefar til Olave Marie Skaue, hun blir firmenning til Ole Elias. Jakob er altså tippoldefar til Ole Elias Klauset og tipptippoldefar til Helga Matea Myrstad. |