ViewsWatchersBrowse |
Jørgen Eielson Narvestad
d.Abt 1810 Narvestad
Family tree▼ (edit)
Facts and Events
Fjotland, Sogebok. Eielsætti på Narvestad. Jørgen var ein yverlag flink idrottsmann. Han skeisa yver Fjotlandsvatnet ein gong på veg til Fjotland i lag med nokre køyrarar. Jørgen tok nokre sveivar burtetter isen, og treiv so ei gjente og hoppa upp på ein hest med henne. Han skal og ha hoppa på skeisor yver ein hest på Fjotlandsvatnet. På tunet hjå Knud Narvestad ligg ei helle på 3,10 x 2,30 x 0,12 m, og i troppi ligg tvo heller på 1,20 x 0,75 x 0,12 m. Jørgen henta desse hellone mest på toppen av Sagebergan, og køyrde dei heim i eit lass åleine. Han kom heim fyrr folk var uppe, so det hev vel vore skareføre. Hellone tilsaman må vega ikring 2800 kg, so det var noko til lass. På den store hella er hogge inn I E S 1789. Fjotland gard og ættesoge s.290 Fjotlandsboka s 290 |