Person:Jøda Holåk (1)

Watchers
Browse
Jøda Engebretsdotter Holåk
  1. Jøda Engebretsdotter Holåk - Abt 1670
  2. Ingeborg Engebretsdotter Holåk
m. Abt 1665
Facts and Events
Name Jøda Engebretsdotter Holåk
Alt Name Gjøa _____
Alt Name Gyda _____
Gender Female
Birth? Lesja, Oppland, NorwayHolåk
Marriage Abt 1665 Lesja, Oppland, Norwayfør 1669
to Jens Toresson Tynnøl
Death? Abt 1670 Lesja, Oppland, NorwayTynnøl
Burial? Abt 1670 Lesja, Oppland, Norway

Jøda Engebretsd. frå Holåk (1-3), ?- før 1670, g.m. Jens Tores. frå Systugi her (6-2), ca. 1634 - ca. 1710. Truleg ikkje barn.

Lesja Bygdebok

(bokhylla.no)

Med syster til Jøda, Ingeborg, ? - ca. 1695, fekk Jens dottera:

1. Elisabet, ca. 1670 - ca. 1695, ikkje etterkomarar. Om dette "brotsverket", og registreringa, sjå framafor. Jens kom til Gjerde i Valldalen, der han vart smed og gardbrukar. Da han døydde, hadde han vore gift 3 gonger, og hadde3 barn i kvart ekteskap. I 1695 reiste Jørgen Engebrets. frå nr.5 nedafor til Valldalen og kravde arv etter farsystera Ingeborg og dottera hennar Elisabet.

Bror til Jøda og Ingeborg tok over garden.

Det kom nye brukarar fyrst i 1660-åra. Det var dotter til Åse Syversd. frå nr. 5-2, Jøda f. på Holåk, og ein yngre son frå Systugu, Jens. Dei fekk truleg ikkje barn, og Jøda døydde nok ung. Syster til Jøda, Ingeborg, kom truleg til gards (eller var alt her med mora), og ho og Jens fekk ei dotter i 1670.

Det var eit alvorleg brotsverk på denne tida å få barn med syster til kona, sjølv om kona var død. Det vart regna for nærskyld. Ingeborg og Jens rømde, og futen registrerte alt Jens åtte og inndrog det til statskassa. Ingeborg åtte ikkje noko. Buskapen er gjeve att i tabellen. Han var monaleg større enn kvegskatten 13 år før - ja åleine nesten like stor som det skulle vore på båe gardane iflg. matrikkelarbeidet to år før (sjå framafor). Det kan tyde på at1668-tala er ein god del for låge.

Det var 12 tønner bygg på garden ved registreringa. Men ho var i slutten av mai dette året, sikkert etter at dei hadde sådd, så er uråd å veta kor stor del av avlinga dette var. Helst var det nok forråd, kanskje bygd opp over lang tid. Elles var det tobakkskvern her, og ei børse verdsett til 2 daler. Kvar mjølkeku var sett til 3 daler.

(s. 574) Registrering 1670: 2 hester, 1 okse, 20 kyr, 3 kviger, 2 kalver, 45 sauer, 1 gris.