ViewsWatchersBrowse |
Family tree▼ (edit)
m.
Facts and Events
Holger Olsson Lindanger Gift to ganger. [edit] Lindanger (heile garden), TysværHolger nemnest som gardbrukar på Lindanger frå tidleg i 1660-åra. Han er oppførd i manntalet frå dette tiåret, saman med søner og drenger. Holger levde i 1701, men var død tre år seinare då den unge enkja hans, Birgitte, blei stemna av steborna. Saka gjaldt eit gåvebrev Holger hadde oppretta for Birgitte på ein fjerdepart av garden, "tillige med et Sølfbelte och en GuldRing". Dei andre arvingane meinte dette var "altfor meget". Etter "Wenlig Imellem Handling" enda saka med at Birgitte avstod rettane sine i Lindanger-garden mot 200 dalar i "afstand", betalte i "en Samled Sum". Så skulle ho alt same våren "fratræde" jorda si på Lindanger. Avtalen innebar og at det var Erik Kolbeinson, mannen til eine stedottera, som skulle yta heile pengesummen mot å få overta garden. Så seint som i 1707 melde ein "Seigineur" i Stavanger, Jørgen Tomessen, seg med krav om å få 8 dalar utbetalt for eit gamalt krav mot Holger. Svigersonen til Holger, Erik, kunne opplysa at det ved skiftet etter Holger var tatt utlegg til Stavanger-mannen. Derimot visste ikkje Erik om den gjelda Tomessen hevda at Torger Erikson og hadde hatt til seg. På Lindanger er det gjort funn som vitnar om at her har fare folk i dei tidlegaste tider. Steinaldersmenneske har lagt ifrå seg fleire gjenstandar på det som seinare blei garden Lindanger. Her er mellom anna funne fleire øksar, ein meisel av stein og ein dolk av flint. Gardsnamnet fortel at garden låg ved ein fjord eller "angr", i eit område der det varmekjære treslaget lind treivst godt. Fjordarmen som namnet på garden refererer seg til, har landhevinga i dag lagt igjen som ei lita tjørn - Lindangertjørna, ikkje meir enn omlag 20 meter frå Lindangervika og Hervik-fjorden. Det har hendt i nyare tid at sjøen på høgaste flo har kome inn i denne tjørna. Landskapet kring den gamle "angr'en" er forma som eit dalsøkk eller ei "kvelva" - eit slag bogeforma landskap med fine flatar ned mot den noverande tjørna, men med bratt, kupert og skrånande terreng i utkantane av innmarka. Lindanger, eller Lindong som det blir sagt i daglegtalen, ligg plassert ikring tre kilometer sør for Skjoldastraumen, på austre sida av Skjoldafjorden. Gardsbruka her "ligg spreidde med utmark imellom. Dei gamle tuna ligg 10- 20 meter over havet. Største parten av den gamle garden si innmark ligg i dalsøkket eller kvelva mellom fjorden og hovudvegen Haugesund - Nedstrand." Lindanger kan reknast som den beste jordbruksgarden i krinsen sin. I sør grensar han til Yrkje, Austerli og Nordre Kreppene. Saman utgjer desse gardane, saman med dei to andre Kreppene-gardane, Yrkje-krinsen. Nordover strekkjer Lindanger seg mot gardane kring Skjoldastraumen. Nabogardar her er Hesthammar, Østenstad og Håland. I aust, mot fjellet, grensar Lindanger til Vats. Det vil vera uråd å kunna fastslå sikkert om det er Yrkje eller Lindanger som er eldst av dei to viktigaste gardane i denne krinsen. Det usamansette Yrkje-namnet kan det i første venda falla lett å tru må vera den opphavlege garden her - sentralgarden i Yrkje-krinsen. Dei to gardane ligg like fullt så pass langt frå einannan og med orientering mot kvar sin fjord at dei kan ha vakse fram temmeleg sjølvstendig. Sjølv om dei svært gode fiskeriforholda ved Yrkjefjorden og Yrkjevågen gjerne tilseier eldst busetnad der, kan dei langt betre vilkåra for jordbruk på Lindanger ha utlikna fordelen fisket gav Yrkje-garden. Men dette kan ha vore ei utvikling som gjekk over noko tid, i tråd med overgangen frå fangst og fiske til jordbruk, gardsrydding og fastare busetnad. Eit moment som tilseier høg alder og kanskje eldre busetnad på Lindanger enn Yrkje, er det faktum at etter Svartedauden strekte Lindanger-garden langs Skjoldafjorden heilt sør til garden Sandvik og grensa med Nedstrand. Før Svartedauden kan det tenkjast at der har vore ein eigen gard i Kreppene-området. Denne moglege Kreppene-garden frå høgmellomalderen treng likevel ikkje vera utskild frå Lindanger. Området her låg i eit grenseområde, som til dømes gav seg utslag i at garden Yrkje høyrde til Vats skipreide, Lindanger-garden til Leiranger skipreide. Og ikring 1520 er gardbrukarar på Lindanger dels oppførde i Vats, dels i Leiranger skipreide Det er på det reine at både Lindanger og Yrkje går tilbake til dei første hundreåra etter Kristus, tida for etableringa av den tidlegaste gardsbusetnaden. I 1299 heitte bonden på Lindanger Gunnar. Han er det første mennesket me kjenner namnet på i det området som frå gamalt utgjer Skjold. På den tid låg biskop Arne i strid med kapitelbrørne sine, kannikane. Konkret dreidde det seg for Gunnar sin part om tjuveri av noko ved frå domkapitlet i Stavanger. "Gunnar á Lindangre" har det vore rekna med gjerne var lågadelsmann. Dermed kan det tenkjast at Lindanger-garden var adelsgods i mellomalderen. Dei lågadelege Koll-folka kom tidleg til å spela ei rolle her, gjennom den markante jordegodssamlaren Holger Koll Olson, som budde der frå ikring 1600 og utetter. Dette kom mellom anna til uttrykk ved at han ikkje gjekk av vegen for å gje seg i "Slagsmaall" med "Her Gunder paa Schiolldt", sjølvaste soknepresten! Dette skjedde ikring 1616 og Holger måtte då bøta for dette. (fra Bygdebøkene for Tysvær) |