Person:Gregorius Berge (2)

Watchers
Facts and Events
Name Gregorius Olsson Berge
Gender Male
Birth? ukjent opphav, Sunnmøre, Norwayn/a ukjent opphav, Sunnmøre Norway
Marriage to _____ Berge, female
Death? Est 1666 Eidsdal, Møre og Romsdal, Norwayn/a Eidsdal i Norddal, Sunnmøre Norway
Burial? Est 1666 Norddal, Møre og Romsdal, Norwayn/a Norddal, Sunnmøre Norway

Bruker på Berge, Fremste 1632-50

Gregorius er nemnd 1632-1650, fyrste jordfeste 1632.

Dei to første brukarane på Fremste Berge er Oluf d 1610 og sonen Rasmus Olsson, nemnt 1612-32. Dette kan vere far og bror til Gregorius.

Gregorius har fire born: Gjertrud 1648, Rasmus 1650, Peder 1656, Povel (Paul) 1660.

Kona gifte seg oppatt med Lauritz Olsson, f 1626.

Garden Berge ligg ca 425 m.o.h, 6,5 km frå sjøen. Det gamle tunet stod ovanfor husa på bruk nr 2 i dag, og bygdavegen gjekk også då høgare oppe. Namnet Stamparelva fortel at det har stått ei stampe der. Ho vart seld til "Trø-Lydel" og flytt opp i "Trøne" ca 50 m lenger opp og på den andre sida av elva. Nedanfor riksvegen er det eit mura kvernhus av stein som er restaurert og er over 200 år gamalt (frå før 1780?). Det er også eit gamalt stabbur på garden. Ein naturleg geil ved løa til bruk nr 2 vart brukt til å samle tamreinen då det var reindrift der framtil ca 1865. (Reinen heldt seg på Skreinakk-halvøya.) Sætrar: Garden har to sætrar i utmarka rett ovanfor bøane, Gamlesætra og Nysætra, dem eldste omkring 100 m over den andre. Berge vart rekna for ein sikker korngard sjøl om han ligg høgt og det blir fortalt at etter tre naudsår hausta dei kornet på Berge 12. og 13. juli i 1814.