ViewsWatchersBrowse |
Anders Olsson Sandnes
b.Abt 1688 Holmemstranda, Romsdal, Norway
d.Abt Mar 1742 Julsundet, Romsdal, Norway
Family tree▼ (edit)
(edit)
m. Abt 1720
Facts and Events
Brukar på Høgreina, Indre Sandnes Anders drukna i Julsundet på heimveg frå vinterfiske saman med tre andre: Ola O Ottestad, Ørger O Krokset og Iver Ellingsen Frøyset i mars 1742. Det var eit svært rikt fiske, rundt alle fjordar lå ei stripe av sølv i tangranda etter daud sild, men det var uår på land med svolt og sjukdom. Skifte etter Anders 1.juni 1742: Enka og borna er nemnd. Dei sat i velstand. 2 hestar 8 rd, 12 kyr 36 rd, 5 kviger, 1 okse, 9 sauer, 5 geiter. 2 sølv og 3 massinglysestaker, 4 tinnfat, 4 tinntallerkner, 3 kopparkjelar 11 rd, verkty og reiskap. Ei storgryte, ei bakstehelle 7 rd. 5 bolstrar, 6 ryer, 7 saueskinnsfellar. 1 notpart 7 rd. Ei kvern. 1 fjørnfar 1 seksrøring med seil, 1 færing, tils 13 rd. 6 td såhavre 6 rd. Gardshusa var i god stand og buet utan gjeld. Garden hadde også hus på marknadsplassen på Devold der dei selde landmannsvarer, sild og fisk. Netto i buet 144 rd. Enka 77, Ole 25 og kvar jente 12 1/5 rd. Solemdal, Holm sokn |