ViewsWatchersBrowse |
Anders Nilsson Dalset
b.Abt 1540 Rødven, Møre og Romsdal, Norway
d.Abt 1615 Rødven, Møre og Romsdal, Norway
Family tree▼ (edit)
(edit)
Facts and Events
Odelseigar og leilending på Dalset Anders Nilsen var første kjende brukar på Øver Dalset (gnr 171-1), odelseigar og leilending, åtte 3 vog 1 pund. Gift med ukjend kone. To kjende born: Nils Dalset Hammervold og Rasmus Dalset. Anders' foreldre var presten i Veøy Nils Knudsen og Gurå Rasmusdotter av Kaneætta. Dalset ligg øverst i Rødvendalen, 125 m over havet. Dalset høyrer til dei eldste i bygda, gamal skyld 2 vog 2 pund, altså nesten ein fullgard. Namnet kjem av eit sete i dalen. Det er far etter folk frå steinalderen. Lars A Dalset fann eit dolkeblad av flint tilspissa i begge endar i ein åker, det ligg i oldsakssamlinga i Trondeim. Fast busetting kan vere frå yngre jarnalder ca 500 e Kr., dei fleste stadnamna er frå den tida. Dalset har 2800 mål areal med både fur- og lauvskog, det er ca 1/7 part av Rødvenhalvøya som er 17.3 km2. Jordsmonnet er godt med kalkholdig jord.Rødven var tidlegare den beste kornbygda i Veøy, brukarane på Dalset hadde store kornavlingar på 1600-talet. Før poteten kom i 1780-åra var havren eit livsviktig kornslag som avgjorde liv eller død. I 1740- og 1770-åra var det mange uår då folk rett og slett svalt i hjel. Dalset var delt i to bruk før 1597, kvar gard hadde to brukarar. Husa stod i eit felles tun der dei står i dag. Øver Dalset, Dalsbø (utskilt i 1862), Ner Dalset, og to husmannsplassar, Dalsetreiten og Trondplassen. (frå Solemdal,Bygdebok Holm sokn) |