ViewsWatchersBrowse |
Anders Rolfsson Bø
Family tree▼ (edit)
Facts and Events
Litt om Anders Rolvsen: I 1779 solgte Hans Larsson Bårdsgarden bruk nr. 2 "Bårdsgaren", Øvrebø gård nr. 117, til Anders Rolvsen. Anders gifta seg i 1771 med Guri Ivarsdatter, men hun døde når hun skulle føde sitt første barn i 1773. Han gifta seg på nytt i 1776 med Marit Sørensdatter Gjerde. Kilder: Bygdeboka for Voll bind I side 353 og bind II side 575. BØ Gardsnr. 117 og 118. Namnegarden Bø omfatar to matrikkelgardar, Øvrebø og Nedre-bø, kvar på to bruk. Desse gardane har frå gammalt hatt så mykje sams at dei også må få sin omtale under eitt. Innmarka ligg langstrakt mellom elva og skoglia. Der gardstuna ligg, er dalen høveleg breid, men snører seg så saman framover mot Venås. Elva Måna er stort sett naturleg skilje mot Bruaset, men ein stor holme på Bøsida av storelva er gammal Bruaseteige. Det er fastsette byteliner mot Venås og Moen, kvar på sin kant. Skoglia i nord-vest har ei jamn, bratt halling, og fremste delen av innmarka har vore truga av jord- og snøskred. Innmarka har eit lende i to høgder. Den nedre bøen er steinfull, flatlendt morenejord i skiftande breidde mellom elva og bakken. Øvre bøen er mest skredjord i slak stiging mot lia, men noko brattare mot garden Moen. Dei to gamle tuna låg nokså nær opp til kvarandre. Nerbø omlag der vi i dag har Johansgarden; med Hansgarden lengst mot aust, og Øvrebø lenger oppe med Pålgarden øvst. I dag finst det ikkje lenger grunnlag for nemningane øvre og nedre Bø. Innmarka var småbytt, og bruka hadde teigane sine om kvarandre. Det kunne vere over 30 teigar på kvart bruk. I åra 1881 - 83 vart det halde vanleg jordskifte av innmarka. Skogen blei teigbytt truleg kring 1850, og all utmark til full eigedom i åra 1961 - 65. Etter jordskiftet i 1880-åra flytta Bårdsgarden og Hansgarden ut, og berre Bårdsgarden fekk innmarka i 1 teig. Dei andre fekk kvar sin utteig framme på bøen. Det går fråsegn om mange utslåttar eller markaslætte. Dei fleste låg høgt oppe og fremst i lia. Flæna, Seljefonna, Tausa-Britslættet, Karmakarslættet, Tungå og Breisvaa. Høyet førde dei ned i meiser. Seterdrifta var frå først av spreidd på fleire stader og var i gang før 1723. Johansgarden hadde sin støl i Venåsdalen og Hansgarden i Moda-len, medan Øvrebø hadde eigen støl, Bøsetra, i fjellbruna opp for garden. Johansgarden flytta så til Modalen i 1850-åra, og etter eit rettsforlik om hamnegangen i 1880, kom også Øvrebø att her. I 1920-åra blei det slutt på all seterdrift. Etter som gardsnamnet oftast tidfester den første faste busetnaden, må vi rekne med at Bø er ein av dei eldste gardane i bygda, rudd og bygd i førhistorisk tid. Mønsteret er det same som for Bø i Innfjorden, med den eldste garden i midten og yngre gardar rundt omkring. Det er derfor grunn til å tru at v i n -garden Venås, s e t - gardane på andre sida av elva og Moen lenger heime alle er bygde på opphaveleg Bø-eigedom. Vi kjenner ikkje grunnlaget for at denne vesle samlinga av gards-bruk med sams grenseliner og eigedomsrettar er blitt delt opp i to sjølstendige matrikkelgardar, øvre og nedre Bø. Vi veit heller ikkje kor gammal denne kløyvinga er. Kring år 1600 heitte det berre Bø, men etter 1610 kjem namnet Øvrebø. Nerbø finn vi første gongen i skattematrikkelen frå 1647, og frå denne tid står dei to namna jamsides i alle skriftlege kjelder. Det var berre odelsbønder som sat på desse gardane i 1647, men i 1660-åra hadde "sølvfuten" Ivar Andersen slått under seg all bygsel-retten og mesteparten av landskylda. Det kom til å gå fleire manns-aldrar før brukarane atter fekk att odelen sin. I matrikkelen frå 1723 er dei naturlege tilhøva vurdert likt for båe matrikkelgardane: Garden ligg i sollia og har medels god jordart, er nokolunde viss til korn, temmeleg lettvinn og har hjelpelege beite. Seter 1 fjerding frå garden og skog nok til brennefang, men dei to kvernbruka som er nemnt i 1669, er nå til nedfalls. Øvrebø Gard nr. 117 Etter storleiken var dette ein halvgard med ei skyld på 2 våger 1 pd. 12 mark, endeleg fastsett i 1661. Talet på matrikulerte bruk var skiftande på 1600-talet. Det var 2 i 1647 og 4 i åra 1661 - 1719. Sein-er blei jorda meir samla, men først i 1780-åra blei det atter ei todeling slik som i dag. Kilder: Bygdeboka for Voll bind II side 565-568. |