'Anund (Agmund) Solvesson [child of Solve Ormarsson and Margrete Bjørnsdotter] var truleg f ca. 1387-90 og er nemnd i diplomet av 1399-1400 [DN 6:392]. Som faren blei Anund og svært gammal (levde ennå 15/6 1477). Han ervde mykje jordegods, m.a. ein part av Hem og minst halve Håtveit i Nes, vidare visstnok Grivi, Lahus og Kleppen i Bø. Han budde ei tid visstnok på desse gardane, men tok så over Lofts-Borge i Gjerpen. Der kan ein følgje ættelina hans, likeeins i Nes og Bø. Anund var g m ei dotter av Tord på Linderygg (Lønnerygg) i Bamble. Med henne fekk han Linderygg og Asdal i Bamble.'
translation: Anund (Agmund) Solvesson [child of Solve Ormarsson and Margrete Bjørnsdotter] was probably born ca. 1387-90 and is mentioned in a letter from 1399-1400 [DN 6:392]. Like his father, Anund became very old (lived still 15/6 1477). He acquired many lands, among others, a part of Hem and at least half of Håtveit in Nes, later apparently Grivi, Lahus and Kleppen in Bø. He apparently lived for a time on these farms, but then took over Lofts-Borge in Gjerpen. There one can see his descendants, likewise in Nes and Bø. Anund was married to a daughter of Tord at Linderygg (Lønnerygg) in Bamble. With her, he got Linderygg and Asdal in Bamble.